Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 19:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Når Herren din Gud gjer ende på folkeslaga i det landet Herren din Gud vil gje deg, og du tek landet og buset deg i byane og husa deira,

2. då skal du skilja ut tre byar midt i landet ditt, i det som Herren din Gud gjev deg for at du skal ta det i eige.

3. Du skal måla opp avstandane og dela opp landet som Herren din Gud gjev deg til eige, i tre område, slik at kvar drapsmann kan rekka å rømma dit.

4. Dette er reglane om drapsmenn som kan rømma dit og berga livet: Det kan henda at nokon drep nesten sin av vanvare og utan å ha bore hat til han frå før,

5. som når ein mann går saman med ein annan ut i skogen og skal hogga tømmer, og han svingar øksa og vil fella eit tre, men øksa fer av skaftet og råkar den andre så han døyr. Då kan mannen rømma til ein av desse byane og berga livet,

6. så ikkje blodhemnaren i rykande sinne skal setja etter drapsmannen, nå han att fordi vegen er lang, og slå han i hel endå mannen ikkje var skuldig til døden. For han hadde ikkje tidlegare bore hat til den han drap.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 19