Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 17:16-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Men kongen må ikkje skaffa seg mange hestar og ikkje senda folket sitt tilbake til Egypt så han kan få seg fleire hestar, for Herren har sagt: «De skal aldri meir dra tilbake den vegen.»

17. Kongen skal heller ikkje ta seg mange koner slik at han blir lokka til fråfall, og han må ikkje samla seg sølv og gull i store mengder.

18. Når kongen har sett seg på trona, skal han få laga ein bokrull med ein kopi av denne lova, skriven av etter levittprestane.

19. Den skal han ha hos seg og lesa i alle sine levedagar, så han kan læra å frykta Herren sin Gud. Og han skal halda fast på kvart ord i denne lova og alle desse forskriftene og leva etter dei,

Les hele kapitlet 5. Mosebok 17