Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 17:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Du skal ikkje ofra til Herren din Gud oksar eller sauer som har ein feil av alvorleg slag, for det er avskyeleg for Herren din Gud.

2. Det kan henda at det finst ein mann eller ei kvinne hos deg, i ein av dei byane Herren din Gud gjev deg, som gjer det som vondt er i Herren din Guds auge og bryt pakta hans,

3. ein som går bort og dyrkar og tilbed andre gudar, eller sola eller månen eller heile himmelhæren. Det har eg forbode.

4. Om dette blir sagt deg og du får høyra om det, då skal du granska saka nøye. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort i Israel,

5. då skal du føra mannen eller kvinna som har gjort ugjerninga, ut til byporten, og anten det er ein mann eller ei kvinne, skal du steina dei i hel.

6. Etter vitnemål frå to eller tre skal den skuldige straffast med døden. Etter vitnemål frå éin skal ingen bli straffa med døden.

7. Vitna skal vera dei første som lyfter handa for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa. Slik skal du rydda det vonde ut hos deg.

8. Når ei sak er så vanskeleg at du ikkje kan seia dom i henne, anten det gjeld drap eller tvistemål eller skade, slikt som det er strid om i domstolane dine, skal du med ein gong gå opp til den staden Herren din Gud vil velja seg ut.

9. Der skal du gå til levittprestane og til han som er dommar på den tida, og spørja dei til råds. Dei skal kunngjera for deg kva som er rett i denne saka.

10. Du skal retta deg etter den dommen dei kunngjer frå denne staden, den staden Herren vil velja seg ut, og trufast følgja alt dei seier deg.

11. Dei vil forklara lova for deg, og den dommen dei kunngjer for deg, skal du halda deg til. Du skal ikkje vika av frå det dei kunngjer, korkje til høgre eller venstre.

12. Den mannen som er så eigenrådig at han ikkje høyrer på presten som står på denne staden og gjer teneste for Herren din Gud, eller på dommaren, han skal døy. Slik skal du rydda det vonde ut frå Israel.

13. Heile folket skal høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer noko eigenrådig.

14. Når du kjem inn i det landet Herren din Gud gjev deg, når du legg det under deg og buset deg der, og du så seier: «Eg vil setja inn ein konge, slik alle folkeslaga omkring meg har gjort»,

15. då kan du setja inn ein konge, ein mann som Herren din Gud vil velja ut. Ein av landsmennene dine skal du ta til konge. Du må ikkje ta ein framand, ein som ikkje er landsmannen din.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 17