Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 16:8-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. I seks dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid.

9. Du skal telja sju veker fram. Frå den dagen du tek sigden for å skjera det fullmogne kornet, skal du rekna sju veker.

10. Då skal du halda vekefesten for Herren din Gud og bera fram dei frivillige offera du lovar, alt etter som Herren din Gud har velsigna deg.

11. Du skal gleda deg for Herren din Guds andlet på den staden Herren din Gud vel ut til bustad for namnet sitt, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttarane, dei farlause og enkjene som er hos deg.

12. Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt. Hald desse forskriftene og gjer etter dei.

13. Lauvhyttefesten skal du halda i sju dagar når du har samla inn det som kjem frå treskjeplassen din og vinpressa di.

14. Du skal gleda deg i denne høgtida, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane og innflyttarane, dei farlause og enkjene som bur i byane dine.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 16