Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 16:6-11 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. men berre på den staden som Herren din Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu. Der skal du slakta påskeofferet om kvelden, når sola går ned, på same tid som då du drog ut frå Egypt.

7. Du skal koka og eta det på den staden Herren din Gud vil velja seg ut, og om morgonen skal du fara heim att til telta dine.

8. I seks dagar skal du eta usyra brød, og den sjuande dagen skal det vera høgtidssamling for Herren din Gud; då må du ikkje gjera noko arbeid.

9. Du skal telja sju veker fram. Frå den dagen du tek sigden for å skjera det fullmogne kornet, skal du rekna sju veker.

10. Då skal du halda vekefesten for Herren din Gud og bera fram dei frivillige offera du lovar, alt etter som Herren din Gud har velsigna deg.

11. Du skal gleda deg for Herren din Guds andlet på den staden Herren din Gud vel ut til bustad for namnet sitt, både du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di, levittane som bur i byane dine, og innflyttarane, dei farlause og enkjene som er hos deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 16