Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 15:11-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: Opna villig handa for bror din, for dei som lid naud og dei som er fattige i landet ditt!

12. Når ein landsmann, ein hebrear, mann eller kvinne, blir seld til deg, skal han tena deg i seks år, men i det sjuande året skal du setja han fri og la han gå.

13. Og når du set han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.

14. Lat han få rikeleg med seg av småfeet ditt og av det som kjem frå treskjeplass og vinpresse. Slik Herren din Gud har velsigna deg, skal du òg gje han.

15. Kom i hug at du sjølv var slave i Egypt, og at Herren din Gud fria deg ut. Difor gjev eg deg dette påbodet i dag.

16. Men seier slaven din at han ikkje vil gå ifrå deg fordi han held av deg og dine og har det godt hos deg,

17. skal du ta ein syl og stikka gjennom øyret hans og inn i døra, og han skal vera slaven din all si tid. Det same skal du gjera med slavekvinna di.

18. Ta det ikkje tungt når du må setja han fri, for han har tent deg i seks år og gjeve deg dobbelt så mykje som ein dagarbeidar. Så vil Herren din Gud velsigna alt det du gjer med hendene dine.

19. Alle førstefødde hanndyr av storfe og småfe skal du helga til Herren din Gud. Førstefødde av storfe skal du ikkje bruka til arbeid, og førstefødde av småfe skal du ikkje klippa.

20. År for år skal du og ditt hus eta dei for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut.

21. Men har dei ein feil, anten dei er halte eller blinde eller har nokon annan stygg feil, skal du ikkje ofra dei til Herren din Gud.

22. Du skal eta dei heime i byane dine. Både ureine og reine kan eta dei, som når ein et gasell og hjort.

23. Men blodet skal du ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 15