Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 15:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sjuande kvart år skal du ettergje all gjeld.

2. Og slik er reglane for ettergjeving: Kvar den som har lånt ut noko til nesten sin, skal ettergje lånet. Han skal ikkje krevja inn noko frå sin neste og sin bror, for det er utlyst ettergjeving frå Herren.

3. Framande kan du krevja betaling av, men det du har til gode hos landsmannen din, skal du ettergje.

4. Det skal ikkje finnast fattige hos deg, for Herren vil velsigna deg rikt i det landet Herren din Gud gjev deg til eige for at du skal ta det,

5. så sant du fullt og heilt lyder røysta til Herren din Gud og trufast følgjer alle desse boda som eg gjev deg i dag.

6. For Herren din Gud vil velsigna deg, slik som han har lova deg. Du skal låna ut til mange folkeslag, men sjølv skal du ikkje låna. Du skal rå over mange folkeslag, men dei skal ikkje rå over deg.

7. Om det er ein fattig blant landsmennene dine i ein av byane i det landet som Herren din Gud vil gje deg, då skal du ikkje vera hardhjarta og ikkje lata att handa for den fattige bror din.

8. Nei, du skal opna handa di for han og låna han alt det han treng.

9. Ta deg i vare så ikkje denne vonde tanken får rom i hjartet ditt: «No lid det til det sjuande året, ettergjevingsåret», og så ser du med uvilje på den fattige bror din og gjev han ikkje noko. Han kunne ropa og klaga deg for Herren, og du gjer deg skuldig i synd.

10. Gjev han villig, og ha ingen vonde tankar i hjartet når du gjev. Då skal Herren din Gud velsigna deg i alt ditt arbeid og alt du gjer med hendene dine.

11. Fattige kjem det alltid til å vera i landet. Difor byd eg deg: Opna villig handa for bror din, for dei som lid naud og dei som er fattige i landet ditt!

12. Når ein landsmann, ein hebrear, mann eller kvinne, blir seld til deg, skal han tena deg i seks år, men i det sjuande året skal du setja han fri og la han gå.

13. Og når du set han fri, skal du ikkje senda han frå deg tomhendt.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 15