Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 14:8-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Svinet skal de òg halda for ureint, for det har klauver, men jortar ikkje. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og skrottane deira skal de ikkje røra.

9. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta.

10. Men de skal ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

11. Alle reine fuglar kan de eta.

12. Men desse fuglane skal de ikkje eta: ørna, lammegribben og svartgribben,

13. glenten og alle slag falkar,

14. alle slag ramnar,

15. strutsen, ugla, måsen og alle slag haukar,

16. kattugla, hubroen og slørugla,

17. pelikanen, åtselgribben og skarven,

18. storken og alle slag hegrar, hærfuglen og flaggermusa.

19. Alle insekt som svermar, skal de halda for ureine. Dei må ikkje etast.

20. Men alle reine fuglar kan de eta.

21. De skal ikkje eta noko sjølvdaudt dyr. Det kan du gje til innflyttaren i byane dine så han kan eta det. Eller du kan selja det til ein framand. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud.Du skal ikkje koka eit kje i mjølka frå mora.

22. Sjå til at du gjev tiend av avlinga di, alt det som veks på åkeren, år for år.

23. For Herren din Guds andlet, på den staden han vel ut til bustad for namnet sitt, skal du eta tienda av korn, ny vin og fin olje, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet, slik at du kan læra å frykta Herren din Gud alle dine dagar.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 14