Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 14:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. De er born av Herren dykkar Gud. De skal ikkje skjera dykk eller raka dykk snaue over panna når de sørgjer over ein som er død.

2. For du er eit heilagt folk for Herren din Gud. Blant alle folk på jorda har Herren valt ut deg til å vera hans folk, hans kostelege eigedom.

3. Du skal ikkje eta noko som er avskyeleg.

4. Dette er dei dyra de kan eta: okse, sau, geit,

5. hjort, gasell, dådyr, steinbukk, antilope, villokse og villgeit.

6. Alle dyr som både har klauver, klauver som er kløyvde heilt igjennom, og som jortar, kan de eta.

7. Men av dyr som anten jortar eller har klauver som er kløyvde heilt igjennom, skal de ikkje eta kamelen, haren og fjellgrevlingen, for dei jortar nok, men har ikkje klauver, og de skal halda dei for ureine.

8. Svinet skal de òg halda for ureint, for det har klauver, men jortar ikkje. Kjøtet av desse dyra skal de ikkje eta, og skrottane deira skal de ikkje røra.

9. Dette kan de eta av alt det som lever i vatnet: Alt som har finnar og skjel, kan de eta.

10. Men de skal ikkje eta noko av det som ikkje har finnar og skjel. Det skal de halda for ureint.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 14