Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 13:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Det kan henda at bror din, son til mor di, eller son din eller dotter di, eller kona di som du tek i famn, eller den kjæraste venen din lokkar deg i løynd og seier: «Lat oss gå av og dyrka andre gudar» – gudar som korkje du eller fedrane dine har kjent,

7. gudar som folka omkring dykk dyrkar, anten nær ved eller langt borte, frå den eine enden av jorda til den andre.

8. Då skal du ikkje gje etter og ikkje høyra på han. Du skal ikkje visa han medkjensle og ikkje spara han eller dekkja han.

9. Nei, du skal ta livet av han. Lat handa di vera den første som blir lyft mot han for å drepa, og sidan skal heile folket lyfta handa mot han.

10. Du skal steina han i hel fordi han prøvde å lokka deg bort frå Herren din Gud, som førte deg ut frå Egypt, frå slavehuset.

11. Og heile Israel skal høyra om det og bli gripne av redsle, så dei aldri meir gjer ei slik ugjerning blant folket ditt.

12. Det kan henda du høyrer nokon seia om ein av dei byane Herren din Gud gjev deg å bu i,

13. at det har stige fram svikefulle menneske hos deg og lokka dei som bur i byen og sagt: «Lat oss gå bort og dyrka andre gudar» – gudar som de ikkje kjenner.

14. Då skal du saumfara saka nøye, granska og spørja deg føre. Om det er sant og det blir stadfest at dette avskyelege er gjort hos deg,

15. skal du hogga ned folket i denne byen med sverd. Både byen og alt som er i han, skal du slå med bann og øydeleggja. Også buskapen skal du hogga ned med sverd.

16. Alt hærfanget som er teke, skal du samla midt på torget. Og du skal brenna byen og hærfanget som eit heiloffer til Herren din Gud. Sidan skal byen liggja som ein ruinhaug og aldri byggjast opp att.

17. Ikkje noko av det som er bannlyst, skal handa di festa seg ved. Då vil Herren venda seg bort frå sin brennande harme og gje deg miskunn. Han vil visa deg miskunn og gjera deg talrik, slik som han med eid lova fedrane dine.

18. Du skal høyra på røysta til Herren din Gud og halda alle boda hans som eg gjev deg i dag, og gjera det som rett er i Herren din Guds auge.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 13