Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 13:1-5 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det kan henda at det står fram ein profet eller drøymar hos deg og lovar deg eit teikn eller under.

2. Så hender teiknet eller underet, slik han har sagt, men samstundes seier han: «Kom, lat oss følgja andre gudar» – som du ikkje kjenner – «og dyrka dei».

3. Då skal du ikkje høyra på det som ein slik profet eller drøymar seier. For Herren dykkar Gud vil berre prøva dykk og sjå om de elskar Herren dykkar Gud av heile dykkar hjarte og av heile dykkar sjel.

4. Herren dykkar Gud skal de følgja, og han skal de frykta. Hans bod skal de halda, og hans røyst skal de lyda. Han skal de dyrka, og han skal de halda fast ved.

5. Men denne profeten eller drøymaren skal straffast med døden fordi han lokka deg bort frå den vegen som Herren din Gud baud deg å gå. På den måten forførte han dykk til å gjera opprør mot Herren dykkar Gud, han som førte dykk ut frå Egypt og fria deg ut frå slavehuset. Såleis skal du rydda ut det vonde hos deg.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 13