Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 12:23-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

23. Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.

24. Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!

25. Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens auge.

26. Berre lovnadsoffera og dei heilage gåvene som du vil gje, skal du ta med deg til den staden Herren vil velja seg ut.

27. Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret for Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta.

28. Legg vinn på å lyda alt det eg byd deg! Då skal det gå deg og etterkomarane dine vel til alle tider, for då gjer du det som er godt og rett i Herren din Guds auge.

29. Herren din Gud vil utrydda for deg dei folkeslaga som du no skal gå imot og driva bort. Når du så har drive dei bort og busett deg i landet deira,

30. ta deg då i vare så du ikkje lèt deg lokka i ei felle og tek etter dei, etter at dei har vorte utrydda for deg. Du skal ikkje venda deg mot gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folkeslaga gudane sine? Eg vil gjera som dei.»

31. Du skal ikkje dyrka Herren din Gud slik! Alle dei gjerningane som Herren skyr og hatar, gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei i elden for gudane sine.

32. Alt det eg byd dykk, skal de trufast følgja. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 12