Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 12:17-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av korn, ny vin og fin olje, heller ikkje det som er førstefødd av storfeet og småfeet ditt, dei offera du sjølv har lova å gje, dei frivillige offera eller dei gåvene du ber fram.

18. Men du skal eta dette for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut, du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di og levitten som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds andlet over alt det hendene dine har gjort.

19. Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever i landet ditt.

20. Når Herren din Gud utvidar grensene dine slik han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt» fordi du har hug på kjøt, då kan du eta kjøt så mykje du vil.

21. Har du for lang veg til den staden Herren din Gud vil velja ut for namnet sitt, skal du gjera som eg har sagt deg. Du skal slakta av storfeet og småfeet som Herren gjev deg, og eta det heime i byane dine, så mykje du har hug på.

22. Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det.

23. Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet.

24. Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!

25. Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens auge.

26. Berre lovnadsoffera og dei heilage gåvene som du vil gje, skal du ta med deg til den staden Herren vil velja seg ut.

27. Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret for Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta.

28. Legg vinn på å lyda alt det eg byd deg! Då skal det gå deg og etterkomarane dine vel til alle tider, for då gjer du det som er godt og rett i Herren din Guds auge.

29. Herren din Gud vil utrydda for deg dei folkeslaga som du no skal gå imot og driva bort. Når du så har drive dei bort og busett deg i landet deira,

Les hele kapitlet 5. Mosebok 12