Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 12:10-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. De skal no gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk til eige. Han vil la dykk finna kvile og få fred for alle fiendar omkring, slik at de kan bu trygt.

11. Då skal de koma med alt det eg byd dykk, til den staden som Herren dykkar Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu: brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og gåvene de ber fram, og alle offera som de sjølve har lova Herren.

12. De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds andlet, de og sønene og døtrene dykkar, slavane og slavekvinnene dykkar og levitten som bur i byane dykkar; han har då ingen arv og del saman med dykk.

13. Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar stad du ser.

14. Berre på den staden Herren vel seg ut i ein av stammane dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.

15. Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort.

16. Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

17. Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av korn, ny vin og fin olje, heller ikkje det som er førstefødd av storfeet og småfeet ditt, dei offera du sjølv har lova å gje, dei frivillige offera eller dei gåvene du ber fram.

18. Men du skal eta dette for Herren din Guds andlet, på den staden Herren vil velja seg ut, du og son din og dotter di, slaven din og slavekvinna di og levitten som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds andlet over alt det hendene dine har gjort.

19. Ta deg i vare så du ikkje gløymer levitten så lenge du lever i landet ditt.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 12