Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 12:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er dei forskriftene og lovene som de trufast skal følgja i det landet Herren, dine fedrars Gud, vil la deg ta i eige, så lenge de lever i landet.

2. De skal øydeleggja alle dei stadene der folkeslaga som de driv bort, dyrkar gudane sine, på høge fjell og haugar og under kvart frodig tre.

3. De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og utsletta namna deira frå desse stadene.

4. De skal ikkje dyrka Herren dykkar Gud på den måten.

5. Men de skal søkja til den staden som Herren dykkar Gud vel ut blant alle stammane dykkar til bustad for namnet sitt. Dit skal du gå.

6. Og dit skal de bera fram brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og dei gåvene de ber fram, lovnadsoffera og dei frivillige offera, og dei førstefødde dyra av storfeet og småfeet.

7. Og der skal de halda måltid for Herren dykkar Guds andlet, de og huset dykkar, og gleda dykk over det som hendene dykkar har gjort, alt som Herren din Gud har velsigna deg med.

8. De må ikkje bera dykk åt slik som vi gjer her i dag. No gjer kvar og ein som han sjølv finn det for godt.

9. Enno er de ikkje komne fram til kvila, til den eigedomen som Herren din Gud vil gje deg.

10. De skal no gå over Jordan og busetja dykk i det landet Herren dykkar Gud vil gje dykk til eige. Han vil la dykk finna kvile og få fred for alle fiendar omkring, slik at de kan bu trygt.

11. Då skal de koma med alt det eg byd dykk, til den staden som Herren dykkar Gud vel ut, og der han lèt namnet sitt bu: brennoffera og slaktoffera dykkar, tienda og gåvene de ber fram, og alle offera som de sjølve har lova Herren.

12. De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds andlet, de og sønene og døtrene dykkar, slavane og slavekvinnene dykkar og levitten som bur i byane dykkar; han har då ingen arv og del saman med dykk.

13. Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar stad du ser.

14. Berre på den staden Herren vel seg ut i ein av stammane dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.

15. Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort.

16. Men blodet må de ikkje eta. Slå det ut på marka som vatn!

Les hele kapitlet 5. Mosebok 12