Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 11:3-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. dei teikn og gjerningar han gjorde i Egyptmot farao, kongen i Egypt,og heile landet hans,

4. det han gjorde med hæren til egyptarane,med hestane og vognene deiradå han lét vatnet i Sivsjøen velta innover deimedan dei forfølgde dykk,så han gjorde ende på dei for alltid,

5. det han gjorde for dykk i ørkenen,heilt til de kom til denne staden,

6. og det han gjorde med Datan og Abiram,sønene til Eliab, son til Ruben,den gongen jorda opna gapetog slukte dei og familiane deira,telta deira og kvar levande skapning i følgjet deira,midt iblant alle israelittane.

7. Ja, med eigne auge har de sett alle dei storverka som Herren har gjort.

8. Hald difor alle dei boda eg gjev deg i dag, slik at de kan bli sterke og kan koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

9. Då skal de få leva lenge i det landet som Herren med eid lova fedrane dykkar at han ville gje til dei og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10. For det landet du no går inn i og skal leggja under deg, liknar ikkje Egypt, det landet de drog ifrå. Der måtte du, som i ein grønsakhage, bruka føtene når du skulle så frøet ditt og vatna.

11. Men landet de no er på veg til for å leggja under dykk, er eit land med fjell og dalar. Det får vatn å drikka av regnet frå himmelen.

12. Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Alltid kviler Herren din Guds auge på det, frå året byrjar til det endar.

13. Om de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel,

14. vil eg la landet få regn i rett tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn korn, ny vin og fin olje.

15. Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett.

16. Men akta dykk så ikkje hjartet blir ført på avvegar, så de vender dykk bort og dyrkar andre gudar og tilbed dei.

17. For då logar Herrens harme opp mot dykk. Han stengjer himmelen så det ikkje fell regn og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.

18. Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn. Bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke.

19. Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

20. Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 11