Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 11:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Då skal de og etterkomarane dykkar få leva lenge på den jorda som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.

22. For dersom de legg vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei så de elskar Herren dykkar Gud, alltid går på hans vegar og held fast ved han,

23. då skal Herren driva ut alle desse folkeslaga framfor dykk, og de skal jaga bort folkeslag som er større og sterkare enn de.

24. Kvar stad de set foten på, skal høyra dykk til. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon, frå den store elva Eufrat, til havet i vest.

25. Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal setja skrekk og redsle for dykk i alt land de set foten på, slik som han har lova.

26. Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:

27. velsigning så sant de lyder boda frå Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag;

28. forbanning dersom de ikkje lyder boda frå Herren dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.

29. Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, så skal du lysa velsigning over Garisim-fjellet og forbanning over Ebal-fjellet.

30. Som alle veit, ligg desse fjella på den andre sida av Jordan, der sola går ned, i landet til kanaanearane som bur på Araba-sletta, rett imot Gilgal, ved More-eika.

31. No skal de gå over Jordan for å gå inn og ta det landet som Herren dykkar Gud vil gje dykk. Når de har teke det og busett dykk der,

32. følg då trufast alle dei forskrifter og lover som eg legg fram for dykk i dag.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 11