Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 11:11-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. Men landet de no er på veg til for å leggja under dykk, er eit land med fjell og dalar. Det får vatn å drikka av regnet frå himmelen.

12. Det er eit land som Herren din Gud har omsut for. Alltid kviler Herren din Guds auge på det, frå året byrjar til det endar.

13. Om de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarte og heile dykkar sjel,

14. vil eg la landet få regn i rett tid, haustregn og vårregn, så du kan hausta inn korn, ny vin og fin olje.

15. Gras skal eg la veksa på marka for buskapen din, og du skal få eta deg mett.

16. Men akta dykk så ikkje hjartet blir ført på avvegar, så de vender dykk bort og dyrkar andre gudar og tilbed dei.

17. For då logar Herrens harme opp mot dykk. Han stengjer himmelen så det ikkje fell regn og jorda ikkje gjev grøde. Og de går snart til grunne i det gode landet som Herren gjev dykk.

18. Så ber då desse orda mine i hjarte og sinn. Bind dei om handa som eit teikn og ber dei på panna som eit merke.

19. Lær dei vidare til borna dykkar, snakk om dei når du sit heime og når du går på vegen, når du legg deg og når du står opp.

20. Skriv dei på dørstolpane i huset ditt og på portane dine.

21. Då skal de og etterkomarane dykkar få leva lenge på den jorda som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, like lenge som himmelen kvelver seg over jorda.

22. For dersom de legg vinn på å halda alle desse boda som eg gjev dykk, og lever etter dei så de elskar Herren dykkar Gud, alltid går på hans vegar og held fast ved han,

23. då skal Herren driva ut alle desse folkeslaga framfor dykk, og de skal jaga bort folkeslag som er større og sterkare enn de.

24. Kvar stad de set foten på, skal høyra dykk til. Området dykkar skal strekkja seg frå ørkenen og Libanon, frå den store elva Eufrat, til havet i vest.

25. Ingen skal kunna stå seg mot dykk. Herren dykkar Gud skal setja skrekk og redsle for dykk i alt land de set foten på, slik som han har lova.

26. Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:

27. velsigning så sant de lyder boda frå Herren dykkar Gud, som eg gjev dykk i dag;

28. forbanning dersom de ikkje lyder boda frå Herren dykkar Gud, men tek av frå den vegen eg i dag byd dykk å gå, og følgjer andre gudar som de ikkje kjenner.

29. Når Herren din Gud har ført deg inn i det landet du no er på veg til og skal leggja under deg, så skal du lysa velsigning over Garisim-fjellet og forbanning over Ebal-fjellet.

30. Som alle veit, ligg desse fjella på den andre sida av Jordan, der sola går ned, i landet til kanaanearane som bur på Araba-sletta, rett imot Gilgal, ved More-eika.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 11