Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 11:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Difor skal du elska Herren din Gud og alltid halda det han har fastsett, forskriftene, lovene og boda hans.

2. Den dag i dag kjenner de Herren dykkar Guds oppseding, som borna dykkar ikkje kjenner og ikkje har sett:hans velde,hans sterke hand og hans utstrekte arm,

3. dei teikn og gjerningar han gjorde i Egyptmot farao, kongen i Egypt,og heile landet hans,

4. det han gjorde med hæren til egyptarane,med hestane og vognene deiradå han lét vatnet i Sivsjøen velta innover deimedan dei forfølgde dykk,så han gjorde ende på dei for alltid,

5. det han gjorde for dykk i ørkenen,heilt til de kom til denne staden,

6. og det han gjorde med Datan og Abiram,sønene til Eliab, son til Ruben,den gongen jorda opna gapetog slukte dei og familiane deira,telta deira og kvar levande skapning i følgjet deira,midt iblant alle israelittane.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 11