Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 1:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Dra av stad og ta det landet som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»

9. Den gongen sa eg til dykk: «Åleine kan eg ikkje bera dykk.

10. Herren dykkar Gud har gjort dykk talrike, så de i dag er mange som stjernene på himmelen.

11. Måtte Herren, dykkar fedrars Gud, gjera dykk tusen gonger så talrike som de no er, og velsigna dykk, som han har lova.

12. Men korleis kan eg åleine bera ansvaret og halda ut strevet med dykk og trettene dykkar?

13. Vel ut kloke, vituge og lærde menn frå kvar stamme, så skal eg gjera dei til leiarar for dykk.»

14. De svara meg: «Det er godt, det du seier vi skal gjera.»

15. Så tok eg stammehovdingane dykkar, kloke og lærde menn, og sette dei til overhovud for dykk, til førarar for tusen, hundre, femti og ti, og gjorde dei til tilsynsmenn for stammane.

16. Den gongen gav eg også dommarane dykkar dette påbodet: «Høyr på klagemål frå landsmennene dykkar, og døm rettferdig i saker mellom ein mann og ein annan, anten det er ein landsmann eller ein innflyttar.

17. Gjer ikkje skilnad på folk når de dømmer! De skal høyra på både høg og låg. Ver ikkje redde nokon, for dommen høyrer Gud til. Men dersom ei sak er for vanskeleg for dykk, så legg henne fram for meg, så eg får høyra.»

18. Den gongen gav eg dykk påbod om alt de skulle gjera.

19. Så braut vi opp frå Horeb og drog gjennom heile den store og uhyggjelege ørkenen som de har sett. Vi følgde vegen til fjellandet åt amorittane, slik Herren vår Gud hadde sagt oss, og kom til Kadesj-Barnea.

20. Då sa eg til dykk: «No er de komne til fjellandet åt amorittane, som Herren vår Gud vil gje oss.

21. Sjå, Herren din Gud har lagt landet ope for deg. Dra opp og ta det, slik som Herren, dine fedrars Gud, har sagt deg. Ver ikkje redd og mist ikkje motet!»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 1