Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 1:27-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. De murra i telta dykkar og sa: «Fordi Herren hatar oss, har han ført oss ut frå Egypt og vil gje oss over i hendene til amorittane og utrydda oss.

28. Kvar er det vi skal dra? Brørne våre har fått hjartet til å smelta bort i oss, for dei sa: Folket er større og høgare enn vi, byane er store med himmelhøge festningsmurar, og vi såg også anakittar der.»

29. Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skremma og ver ikkje redde dei!

30. Herren dykkar Gud går føre dykk, og han vil strida for dykk, slik de med eigne auge såg at han gjorde i Egypt

31. og sidan i ørkenen. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de drog, til de kom til denne staden.»

32. Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud,

33. han som gjekk føre dykk på vegen for å finna leirplass til dykk, om natta i ein eld og om dagen i ei sky, for å syna dykk den vegen de skulle gå.

34. Då Herren høyrde kva de sa, vart han harm og svor:

35. «Ikkje ein einaste av denne vonde slekta skal få sjå det gode landet som eg med eid lova å gje fedrane dykkar,

36. berre Kaleb, son til Jefunne; han skal få sjå det. Fordi han så trufast har halde seg til Herren, vil eg gje han og borna hans det landet han har sett foten på.»

37. For dykkar skuld vart Herren harm på meg òg. Han sa: «Heller ikkje du skal få koma inn dit.

38. Men Josva, son til Nun, skal få koma inn, han som er tenaren din. Han skal du styrkja, for han skal gjera landet til eigedom for Israel.

39. Småborna som de trudde ville bli tekne som krigsbytte, og dei borna som enno ikkje kan skilja godt frå vondt, dei skal koma inn i landet. Eg gjev det til dei, og dei skal ta det i eige.

40. Men de må snu og dra ut i ørkenen, mot Sivsjøen.»

41. Då svara de meg: «Vi har synda mot Herren. No vil vi dra opp og slåst, slik som Herren vår Gud har sagt oss.» Alle som ein spente de på dykk våpna og gjorde dykk klare til å dra opp i fjellandet.

42. Men Herren sa til meg: Sei til dei: «De skal ikkje dra opp og slåst, for eg er ikkje midt iblant dykk. Elles kjem de til å bli slegne av fiendane dykkar.»

43. Eg tala til dykk, men de ville ikkje høyra. De sette dykk opp mot det Herren hadde sagt, de var eigenrådige og drog opp i fjella.

44. Då rykte amorittane, som budde der i fjellandet, ut mot dykk. Dei sette etter dykk som ein bisverm, vann over dykk i Se'ir og dreiv dykk heilt til Horma.

45. Då de kom tilbake, gret de framfor Herrens andlet, men han ville ikkje høyra på dykk, og han ville ikkje høyra.

Les hele kapitlet 5. Mosebok 1