Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 1:22-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Då kom de til meg alle saman og sa: «Lat oss senda folk i førevegen så dei kan gjera seg kjende i landet og seia oss kva veg vi skal ta opp dit, og kva for byar vi kjem til.»

23. Eg syntest godt om det de sa, og eg tok ut tolv mann iblant dykk, ein frå kvar stamme.

24. Dei gjekk av stad opp i fjellet og kom til Esjkol-bekken. Der spionerte dei.

25. Dei tok noko av frukta i landet og hadde med seg ned til oss. Dei kunne fortelja at det var eit godt land, det landet som Herren vår Gud vil gje oss.

26. Men de ville ikkje dra opp dit og sette dykk opp mot det Herren dykkar Gud hadde sagt.

27. De murra i telta dykkar og sa: «Fordi Herren hatar oss, har han ført oss ut frå Egypt og vil gje oss over i hendene til amorittane og utrydda oss.

28. Kvar er det vi skal dra? Brørne våre har fått hjartet til å smelta bort i oss, for dei sa: Folket er større og høgare enn vi, byane er store med himmelhøge festningsmurar, og vi såg også anakittar der.»

29. Då sa eg til dykk: «Lat dykk ikkje skremma og ver ikkje redde dei!

30. Herren dykkar Gud går føre dykk, og han vil strida for dykk, slik de med eigne auge såg at han gjorde i Egypt

31. og sidan i ørkenen. Der såg du korleis Herren din Gud bar deg liksom ein mann ber barnet sitt, heile den vegen de drog, til de kom til denne staden.»

32. Likevel trudde de ikkje på Herren dykkar Gud,

33. han som gjekk føre dykk på vegen for å finna leirplass til dykk, om natta i ein eld og om dagen i ei sky, for å syna dykk den vegen de skulle gå.

34. Då Herren høyrde kva de sa, vart han harm og svor:

35. «Ikkje ein einaste av denne vonde slekta skal få sjå det gode landet som eg med eid lova å gje fedrane dykkar,

36. berre Kaleb, son til Jefunne; han skal få sjå det. Fordi han så trufast har halde seg til Herren, vil eg gje han og borna hans det landet han har sett foten på.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 1