Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

5. Mosebok 1:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Dette er dei orda som Moses tala til heile Israel austafor Jordan. Det var i ørkenen på Araba-sletta, rett imot Suf, mellom Paran og Tofel, Laban, Haserot og Di-Sahab,

2. elleve dagsreiser frå Horeb på vegen over Se'ir-fjella til Kadesj-Barnea.

3. Det var i det førtiande året, den første dagen i den ellevte månaden, at Moses tala til israelittane om alt det som Herren hadde pålagt han å seia til dei.

4. Moses hadde då slege amorittkongen Sihon, som budde i Hesjbon, og Basan-kongen Og, som budde i Asjtarot og Edre'i.

5. Austafor Jordan, i Moab, byrja Moses å forklara denne lova. Han sa:

6. Herren vår Gud tala til oss ved Horeb og sa: «Lenge nok har de halde dykk ved dette fjellet.

7. Bryt no opp og dra til fjellandet åt amorittane og til grannefolka på Araba-sletta, i fjellandet og i låglandet, i Negev og ute ved kysten, til landet åt kanaanearane og til Libanon, heilt til den store elva, Eufrat.

8. Sjå, eg har lagt landet ope for dykk. Dra av stad og ta det landet som Herren med eid lova å gje fedrane dykkar, Abraham, Isak og Jakob, og etterkomarane deira.»

Les hele kapitlet 5. Mosebok 1