Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 8:6-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Ta ut levittane frå dei andre israelittane og reins dei!

7. Dette skal du gjera for å reinsa dei: Skvett reinsingsvatn på dei. Så skal dei raka seg over heile kroppen og vaska kleda sine. Slik skal dei reinsa seg.

8. Dei skal ta ein ung okse og grødeofferet som høyrer til, kveitemjøl blanda med olje. Til syndoffer skal du ta ein annan ung okse.

9. Så skal du la levittane koma fram til teltheilagdomen og kalla saman heile forsamlinga av israelittar.

10. Levittane skal koma fram for Herren, og israelittane skal leggja hendene på levittane.

11. For Herrens andlet skal Aron innvia levittane som eit svingeoffer frå israelittane, slik at dei kan gjera teneste for Herren.

12. Levittane skal leggja hendene på hovudet til oksane. Så skal du ofra den eine oksen som syndoffer og den andre som brennoffer for Herren, for å gjera soning for levittane.

13. Du skal stilla levittane framfor Aron og sønene hans og innvia dei som eit svingeoffer for Herren.

14. Slik skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til.

15. Sidan skal levittane koma og gjera teneste ved teltheilagdomen, etter at du har reinsa dei og vigd dei som eit svingeoffer.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 8