Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 8:19-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Eg tok levittane ut frå dei andre israelittane og gav dei til Aron og sønene hans. Dei skal tena israelittane i teltheilagdomen og gjera soning for dei, så det ikkje skal koma ulukke over israelittane om dei kjem for nær heilagdomen.

20. Moses og Aron og heile Israels forsamling gjorde dette med levittane. Alt som Herren hadde pålagt Moses når det gjaldt levittane, det gjorde israelittane med dei.

21. Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron innvigde dei som eit svingeoffer til Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine.

22. Etter dette kom levittane og gjorde si teneste ved teltheilagdomen under tilsyn av Aron og sønene hans. Alt som Herren hadde pålagt Moses når det gjaldt levittane, det gjorde dei med dei.

23. Herren sa til Moses:

24. Slik skal det vera med levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei mønstrast til teneste i teltheilagdomen.

25. Men når dei har fylt femti år, skal dei trekkja seg tilbake frå tenesta og ikkje arbeida lenger.

26. Dei kan hjelpa brørne sine i teltheilagdomen med å utføra oppgåvene deira, men noko arbeid skal dei ikkje ha. Slik skal du gjera det med levittane og oppgåvene deira.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 8