Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 8:11-26 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

11. For Herrens andlet skal Aron innvia levittane som eit svingeoffer frå israelittane, slik at dei kan gjera teneste for Herren.

12. Levittane skal leggja hendene på hovudet til oksane. Så skal du ofra den eine oksen som syndoffer og den andre som brennoffer for Herren, for å gjera soning for levittane.

13. Du skal stilla levittane framfor Aron og sønene hans og innvia dei som eit svingeoffer for Herren.

14. Slik skal du skilja levittane ut frå dei andre israelittane, og dei skal høyra meg til.

15. Sidan skal levittane koma og gjera teneste ved teltheilagdomen, etter at du har reinsa dei og vigd dei som eit svingeoffer.

16. For dei er gjevne, heilt gjevne til meg og åtskilde frå dei andre israelittane. Eg har teke dei som mine eigne i staden for alle som opnar mors liv, alle førstefødde hos israelittane.

17. For alt førstefødd blant israelittane, både av folk og av fe, høyrer meg til. Den dagen eg slo i hel alt førstefødd i Egypt, helga eg dei som mine.

18. Men no har eg teke ut levittane i staden for alle dei førstefødde hos israelittane.

19. Eg tok levittane ut frå dei andre israelittane og gav dei til Aron og sønene hans. Dei skal tena israelittane i teltheilagdomen og gjera soning for dei, så det ikkje skal koma ulukke over israelittane om dei kjem for nær heilagdomen.

20. Moses og Aron og heile Israels forsamling gjorde dette med levittane. Alt som Herren hadde pålagt Moses når det gjaldt levittane, det gjorde israelittane med dei.

21. Levittane reinsa seg og vaska kleda sine. Aron innvigde dei som eit svingeoffer til Herren og gjorde soning for dei, så dei vart reine.

22. Etter dette kom levittane og gjorde si teneste ved teltheilagdomen under tilsyn av Aron og sønene hans. Alt som Herren hadde pålagt Moses når det gjaldt levittane, det gjorde dei med dei.

23. Herren sa til Moses:

24. Slik skal det vera med levittane: Frå dei er tjuefem år gamle, skal dei mønstrast til teneste i teltheilagdomen.

25. Men når dei har fylt femti år, skal dei trekkja seg tilbake frå tenesta og ikkje arbeida lenger.

26. Dei kan hjelpa brørne sine i teltheilagdomen med å utføra oppgåvene deira, men noko arbeid skal dei ikkje ha. Slik skal du gjera det med levittane og oppgåvene deira.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 8