Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:78-88 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

78. Tolvte dagen kom leiaren for Naftali-sønene, Ahira, son til Enan.

79. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

80. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

81. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

82. ein geitebukk til syndoffer

83. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahira, son til Enan.

84. Dette var gåvene frå leiarane i Israel til vigslinga av altaret, den dagen det vart salva: tolv sølvfat, tolv sølvskåler og tolv gullskåler.

85. Kvart sølvfat var på 130 sjekel og kvar sølvskål på 70 sjekel. Alt sølvet i kara vog til saman 2400 sjekel etter vekta i heilagdomen.

86. Dei tolv gullskålene som var fulle av røykjelse, vog 10 sjekel kvar etter vekta i heilagdomen. Til saman vog gullet i skålene 120 sjekel.

87. All buskapen som gjekk med til brennoffer, var 12 oksar, 12 vêrar og 12 årsgamle vêrlam med dei grødeoffera som høyrde til, og 12 geitebukkar til syndoffer.

88. All buskapen som gjekk med til fredsoffer, var 24 oksar, 60 vêrar, 60 bukkar og 60 årsgamle vêrlam. Det var gåvene som vart framborne då altaret vart salva og vigsla.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7