Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:66-77 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

66. Tiande dagen kom leiaren for Dan-sønene, Ahieser, son til Ammisjaddai.

67. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

68. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

69. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

70. ein geitebukk til syndoffer

71. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Ahieser, son til Ammisjaddai.

72. Ellevte dagen kom leiaren for Asjer-sønene, Pagiel, son til Okran.

73. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

74. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

75. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

76. ein geitebukk til syndoffer

77. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Pagiel, son til Okran.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7