Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:50-61 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

50. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

51. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

52. ein geitebukk til syndoffer

53. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisjama, son til Ammihud.

54. Åttande dagen kom leiaren for Manasse-sønene, Gamliel, son til Pedasur.

55. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

56. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

57. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

58. ein geitebukk til syndoffer

59. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Gamliel, son til Pedasur.

60. Niande dagen kom leiaren for Benjamin-sønene, Abidan, son til Gidoni.

61. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7