Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:32-44 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

33. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

34. ein geitebukk til syndoffer

35. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Elisur, son til Sjede'ur.

36. Femte dagen kom leiaren for Simon-sønene, Sjelumiel, son til Surisjaddai.

37. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

38. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

39. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

40. ein geitebukk til syndoffer

41. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Sjelumiel, son til Surisjaddai.

42. Sjette dagen kom leiaren for Gad-sønene, Eljasaf, son til De'uel.

43. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

44. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7