Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:2-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Då kom leiarane i Israel fram, dei som var overhovud for familiane og leiarar for stammane, dei som stod over alle som var mønstra.

3. Dei førte offera sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to leiarar og ein okse for kvar av dei. Desse førte dei fram til bustaden.

4. Herren sa til Moses:

5. «Ta imot desse! Dei skal brukast til arbeidet ved teltheilagdomen. Gjev dei til levittane, til kvar einskild etter det arbeidet han har.»

6. Moses tok vognene og oksane og gav dei til levittane.

7. Han gav Gersjon-sønene to vogner og fire oksar, etter det arbeidet dei hadde.

8. Han gav Merari-sønene fire vogner og åtte oksar, etter det arbeidet dei hadde hos Itamar, son til Aron, presten.

9. Han gav ikkje noko til Kehat-sønene, for dei skulle ta vare på det heilage og bera det på akslene.

10. Leiarane kom med offer til vigslinga av altaret då det vart salva, og bar offera sine fram til altaret.

11. Då sa Herren til Moses: «Leiarane skal koma kvar sin dag og ofra offera sine til vigslinga av altaret.»

12. Den som bar fram offeret sitt første dagen, var Nahsjon, son til Amminadab, frå Juda-stammen.

13. Offeret hans var eit sølvfat som vog 130 sjekel, og ei sølvskål på 70 sjekel etter vekta i heilagdomen, begge fulle av kveitemjøl blanda med olje til grødeoffer,

14. ei gullskål på 10 sjekel, full av røykjelse,

15. ein ung okse frå flokken, ein vêr og eit årsgammalt vêrlam til brennoffer,

16. ein geitebukk til syndoffer

17. og til fredsoffer to oksar, fem vêrar, fem bukkar og fem årsgamle vêrlam. Det var offeret frå Nahsjon, son til Amminadab.

18. Andre dagen kom Netanel, son til Suar, leiaren for Jissakar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7