Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 7:1-8 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Moses var ferdig med å reisa bustaden, salva og helga han bustaden og alle tinga som høyrde til. Altaret og tinga som høyrde til det, salva og helga han.

2. Då kom leiarane i Israel fram, dei som var overhovud for familiane og leiarar for stammane, dei som stod over alle som var mønstra.

3. Dei førte offera sine fram for Herren: seks vogner med tak og tolv oksar, ei vogn for to leiarar og ein okse for kvar av dei. Desse førte dei fram til bustaden.

4. Herren sa til Moses:

5. «Ta imot desse! Dei skal brukast til arbeidet ved teltheilagdomen. Gjev dei til levittane, til kvar einskild etter det arbeidet han har.»

6. Moses tok vognene og oksane og gav dei til levittane.

7. Han gav Gersjon-sønene to vogner og fire oksar, etter det arbeidet dei hadde.

8. Han gav Merari-sønene fire vogner og åtte oksar, etter det arbeidet dei hadde hos Itamar, son til Aron, presten.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 7