Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 6:21-27 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. Dette er lova om nasirearen. Den som gjev lovnad om eit offer til Herren av det han har råd til, i tillegg til det vigslinga hans krev, må gjera som han har lova. Dette kjem i tillegg til lova om vigslinga hans.

22. Herren sa til Moses:

23. Tal til Aron og sønene hans og sei: Slik skal de velsigna israelittane. De skal seia til dei:

24. Herren velsigne degog vare deg!

25. Herren la sitt andlet lysa over degog vere deg nådig!

26. Herren lyfte sitt andlet mot degog gje deg fred!

27. Dei skal setja mitt namn på israelittane, og eg vil velsigna dei.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 6