Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 6:12-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Han skal via seg til Herren for like lang tid som han først hadde lova, og bera fram eit årsgammalt lam som skuldoffer. Den første tida fell bort fordi hovudet hans vart ureint medan det var innvigd.

13. Dette er lova for nasirearen: Den dagen nasireartida hans er over, skal han førast fram for opninga til teltheilagdomen.

14. Han skal bera fram offeret sitt for Herren: eit årsgammalt vêrlam utan feil som brennoffer, eit årsgammalt, feilfritt holam som syndoffer og ein feilfri vêr som fredsoffer,

15. ei korg med usyra brød av fint mjøl, forma som kaker med olje i og usyra kjekskaker smurde med olje, dessutan grødeofferet og drikkoffera som høyrer til.

16. Dette skal presten bera fram for Herren. Han skal ofra det som syndoffer og brennoffer for mannen.

17. Vêren skal han laga til som fredsoffer for Herren saman med korga med dei usyra brøda. Presten skal bera fram grødeofferet og drikkofferet hans.

18. Så skal nasirearen barbera det vigde hovudet sitt ved opninga til teltheilagdomen. Han skal ta håret som var vigd, og leggja det på elden som er under fredsofferet.

19. Presten skal ta den kokte bogen av vêren, ei usyra kake frå korga og ei usyra kjekskake og leggja det i hendene på nasirearen etter at han har barbert av seg det vigde håret.

20. Dette skal presten svinga for Herrens andlet som eit svingeoffer. Det er helga til presten saman med brystet som blir svinga og låret som blir gjeve i avgift. Sidan kan nasirearen drikka vin.

21. Dette er lova om nasirearen. Den som gjev lovnad om eit offer til Herren av det han har råd til, i tillegg til det vigslinga hans krev, må gjera som han har lova. Dette kjem i tillegg til lova om vigslinga hans.

22. Herren sa til Moses:

Les hele kapitlet 4. Mosebok 6