Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 5:6-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

6. Sei til israelittane: Når ein mann eller ei kvinne gjer ei synd mot eit anna menneske og såleis er trulaus mot Herren og fører skuld over seg,

7. då skal dei vedkjenna synda dei har gjort. Så skal dei gje fullt vederlag for ugjerninga og ein femtedel i tillegg til den dei har gjort urett mot.

8. Men dersom den andre ikkje har nokon løysingsmann som kan ta imot vederlaget, skal det gjevast til Herren og høyra presten til, saman med soningsvêren som han ofrar til soning for syndaren.

9. Kvar avgift og alle heilage gåver som israelittane kjem til presten med, skal vera hans.

10. Alle heilage gåver skal vera hans. Alt nokon gjev til presten, skal vera hans.

11. Herren sa til Moses:

12. Tal til israelittane og sei til dei: Set at ei kvinne kjem på avvegar og er utru mot mannen sin,

13. og ein annan mann har samleie med henne. Men mannen hennar veit ikkje om det, for ho har gjort seg urein i det skjulte. Det er ikkje vitne, og ho blir ikkje teken på fersk gjerning.

14. Men så kjem det sjalusi over mannen, og han får mistanke om at kona hans har gjort seg urein. Det kan òg henda at det kjem sjalusi over mannen så han mistrur kona si endå ho ikkje har gjort seg urein.

15. Då skal mannen ta kona si med seg til presten og bera fram offer for henne, ein tiandedels efa byggmjøl. Han skal ikkje slå olje over det og ikkje leggja røykjelse på. For det er eit matoffer for sjalusi og eit påminningsoffer om synd.

16. Presten skal føra kvinna fram og stilla henne framfor Herrens andlet.

17. Så skal han henta heilagt vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i bustaden, og ha det oppi vatnet.

18. Når presten har stilt kvinna fram for Herrens andlet, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for sjalusi. I si eiga hand skal presten halda det beiske forbanningsvatnet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 5