Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 5:17-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Så skal han henta heilagt vatn i ei leirskål og ta noko av støvet som er på golvet i bustaden, og ha det oppi vatnet.

18. Når presten har stilt kvinna fram for Herrens andlet, skal han løysa håret hennar og leggja påminningsofferet i hendene hennar; det er eit grødeoffer for sjalusi. I si eiga hand skal presten halda det beiske forbanningsvatnet.

19. Så skal presten ta kvinna i eid og seia til henne: «Så sant ingen mann har lege med deg, så sant du ikkje har kome på avvegar og gjort deg urein for mannen din, skal du vera fri frå dette beiske forbanningsvatnet.

20. Men har du kome på avvegar frå mannen din og gjort deg urein, og har ein annan enn mannen din lege med deg»

21. – og no skal presten ta kvinna i eid med forbanningseiden og seia til henne: «må Herren gjera deg til eit teikn på forbanning midt blant folket ditt, må Herren la underlivet ditt falla ned og morslivet svella opp.

22. Må forbanningsvatnet koma ned i innvolane dine, så morslivet svell opp og underlivet fell ned.» Og kvinna skal seia: «Amen, amen.»

23. Desse forbanningseidane skal presten skriva opp på eit blad og vaska dei av i det beiske vatnet.

24. Og han skal la kvinna drikka av det beiske forbanningsvatnet så det kan koma inn i henne og gje beisk smerte.

25. Så skal presten ta grødeofferet for sjalusi ut or handa på kvinna, svinga det for Herrens andlet og bera det fram til altaret.

26. Og han skal ta ein neve av påminningsofferet og brenna det på altaret. Deretter skal han la kvinna drikka av vatnet.

27. Når ho drikk av vatnet, og dersom ho er urein og har vore utru mot mannen sin, då skal forbanningsvatnet valda beisk smerte når det kjem ned i henne. Morslivet hennar skal svella opp og underlivet falla ned, og ho skal vera ei forbanning mellom folket sitt.

28. Men dersom kvinna ikkje har gjort seg urein, men er rein, då skal ho vera uskadd og framleis kunna få born.

29. Dette er lova om sjalusi: Når ei kvinne kjem på avveg og gjer seg urein,

30. eller når sjalusi kjem over ein mann og han blir sjalu på kona si, då skal han stilla kvinna fram for Herrens andlet, og presten skal gjera med henne alt det som står i denne lova.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 5