Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 36:7-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. Ingen eigedom hos israelittane skal gå over frå ein stamme til ein annan. Kvar israelitt skal halda fast på arven frå stammen til fedrane sine.

8. Ei dotter som arvar jord i ein av Israel-stammane, må gifta seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til hennar eigen far. Slik skal alle israelittar arva jord etter fedrane sine.

9. Såleis skal ingen eigedom gå over frå ein stamme til ein annan. For kvar stamme i Israel skal halda fast på sin arv.»

10. Døtrene til Selofhad gjorde som Herren hadde pålagt Moses.

11. Mahla, Tirsa, Hogla, Milka og Noa, alle døtrene til Selofhad, gifte seg med syskenborna sine.

12. Dei fekk menn frå slektene etter Manasse, son til Josef. Slik kom eigedomen deira til å følgja den stammen og den slekta fedrane deira høyrde til.

13. Dette er dei bod og forskrifter som Herren påla israelittane gjennom Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 36