Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 36:1-6 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Leiarane for familiane i slekta til Gilead kom fram. Gilead var son til Makir, Manasses son, og høyrde til Josef-slektene. Dei tok til orde framfor Moses og leiarane, overhovuda for familiane blant israelittane,

2. og sa: Herren påla deg, herre, å fordela landet mellom israelittane ved loddkasting. Og du, herre, er òg pålagd av Herren at du skal la døtrene til Selofhad, bror vår, få eigedomen etter far sin.

3. Men blir dei gifte med menn frå dei andre stammane i Israel, blir arven deira teken frå eigedomen som fedrane våre eigde, og lagd til den stammen dei no skal tilhøyra. Han blir teken bort frå den eigedomen vi fekk ved loddkasting.

4. Når frigjevingsåret kjem hos israelittane, blir arven til døtrene lagd til eigedomen i den stammen dei høyrer til. Han blir teken frå den eigedomen som stammen til fedrane våre fekk.

5. Då påla Moses israelittane dette, på Herrens ord: «Det er rett det som Josef-stammen seier.

6. Dette er det påbodet Herren gjev døtrene til Selofhad: Dei kan gifta seg med den dei sjølve synest om, berre dei gifter seg inn i ei slekt som kjem frå stammen til deira eigne fedrar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 36