Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 35:25-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Forsamlinga skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og føra han tilbake til den fribyen han hadde rømt til. Der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje.

26. Men kjem drapsmannen nokon gong utom den fribyen han har rømt til,

27. og blodhemnaren finn han der utanfor bygrensene og slår han i hel, då har han inga blodskuld.

28. For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten døyr. Når øvstepresten er død, kan han fara heim att til den jorda han eig.

29. Dette skal gjelda for lov og rett hos dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.

30. Når nokon slår i hel eit menneske, skal drapsmannen drepast så sant det er vitne mot han. Men ingen skal døy etter éin manns vitnemål.

31. De skal ikkje ta imot løysepengar for å berga livet til ein drapsmann som er skuldig til å døy. Han skal straffast med døden.

32. De skal ikkje ta imot løysepengar for ein som har rømt til ein fristad, slik at han kan venda heim att og bu i landet før øvstepresten er død.

33. De skal ikkje vanhelga det landet de bur i, for blod vanhelgar landet. Og landet får ikkje soning for det blodet som har runne der, utan ved blodet til den som auste ut blod.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 35