Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 35:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Eller tek han ein reiskap av tre som ein kan drepa med, og slår ein mann i hel, då er han ein drapsmann, og drapsmannen skal straffast med døden.

19. Det er blodhemnaren som skal slå drapsmannen i hel. Når han finn han, skal han drepa han.

20. På same måten skal det vera om nokon hatar ein annan og støyter til han eller kastar eitkvart på han med vilje så han døyr,

21. eller i fiendskap slår han med neven så han døyr. Då skal den som slo, straffast med døden. Han er ein drapsmann, og blodhemnaren skal slå drapsmannen i hel når han finn han.

22. Så kan det henda at nokon brått støyter til ein mann utan fiendskap eller kastar eitkvart på han utan vond vilje.

23. Eller kanskje han ikkje ser den andre og råkar han med ein stein som er stor nok til å drepa med, så han døyr, endå mannen ikkje var hans fiende og ikkje ville han noko vondt.

24. Då skal forsamlinga dømma mellom drapsmannen og blodhemnaren etter desse forskriftene:

25. Forsamlinga skal berga drapsmannen frå blodhemnaren og føra han tilbake til den fribyen han hadde rømt til. Der skal han vera til øvstepresten er død, han som er salva med heilag olje.

26. Men kjem drapsmannen nokon gong utom den fribyen han har rømt til,

27. og blodhemnaren finn han der utanfor bygrensene og slår han i hel, då har han inga blodskuld.

28. For drapsmannen skal halda seg i fristaden sin til øvstepresten døyr. Når øvstepresten er død, kan han fara heim att til den jorda han eig.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 35