Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 35:1-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren tala til Moses på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko. Han sa:

2. Du skal gje israelittane påbod om å gje levittane noko av sin eigedom til arv. De skal gje levittane byar å bu i og beitemarker kring desse byane.

3. I byane skal dei bu, og markene som høyrer til, skal vera til beite for buskapen deira, alle dyra dei eig.

4. Dei markene de gjev levittane utanfor byane, skal nå tusen alner ut frå bymuren på alle kantar.

5. Utanfor byen skal de måla opp to tusen alner på austsida, to tusen alner på sørsida, to tusen alner på vestsida og to tusen alner på nordsida, så byen ligg midt imellom. Det skal vera bymarkene deira.

6. Byane som de lèt levittane få, skal vera dei seks fribyane de set av så drapsmenn kan rømma dit; dessutan skal de gje dei førtito andre byar.

7. I alt skal de gje levittane førtiåtte byar med beitemarker.

8. Når de tek desse byane av eigedomen til israelittane og gjev dei, skal de ta meir frå dei store og mindre frå dei små stammane. Kvar stamme skal gje levittane byar etter som dei har fått land til eige.

9. Herren sa til Moses:

10. Tal til israelittane og sei til dei: Når de går over Jordan og inn i landet Kanaan,

11. skal de velja ut nokre byar som skal vera fribyar for dykk. Dit kan ein drapsmann rømma om han har slege einkvan i hel av vanvare.

12. Desse byane skal vera fristader for den som rømmer for blodhemnaren, så drapsmannen ikkje skal døy før han har stått til rette for forsamlinga og fått sin dom.

13. Seks av dei byane som de gjev levittane, skal vera fribyar.

14. Tre av byane skal de ta på den andre sida av Jordan og tre i Kanaan. Dei skal vera fribyar.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 35