Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 34:10-19 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. I aust skal de dra opp grensa frå Hasar-Enan til Sjefam.

11. Frå Sjefam skal grensa gå ned til Ribla, austafor Ajin, og så nedover til ho når fjellryggen på austsida av Kinneret-sjøen.

12. Så skal ho følgja Jordan og enda nedmed Saltsjøen. Dette skal vera landet dykkar, med desse grensene omkring.

13. Moses sa til israelittane: Dette er det landet de skal få til eigedom ved loddkasting, det Herren har gjeve påbod om at dei ni stammane og den eine halve stammen skal få.

14. For Ruben-stammen med familiar, Gad-stammen med familiar og halvparten av Manasse-stammen har alt teke sine eigedomar.

15. Desse to stammane og den eine halve stammen har teke sin eigedom på andre sida av Jordan, rett imot Jeriko, på austsida, mot soloppgangen.

16. Herren sa til Moses:

17. Her er namna på dei mennene som skal skifta landet mellom dykk: presten Elasar og Josva, son til Nun,

18. og så skal de ta ut ein leiar for kvar stamme til å fordela landet.

19. Her er namna på desse mennene: for Juda-stammen Kaleb, son til Jefunne;

Les hele kapitlet 4. Mosebok 34