Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:45-54 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

45. 30 500 esel

46. og 16 000 menneske.

47. Av den halvparten som fall på israelittane, tok Moses éin av femti, både av folk og av husdyr. Han gav dei til levittane, som tok seg av tenesta i Herrens bustad, slik Herren hadde pålagt Moses.

48. Så gjekk befalingsmennene over hæravdelingane fram for Moses, både tusenmannsførarane og hundremannsførarane.

49. Dei sa til han: «Tenarane dine har talt opp dei krigarane vi hadde hand om, og det vanta ikkje ein mann.

50. No kjem vi med eit offer til Herren, slike ting av gull som kvar av oss har funne: armringar, armband, fingerringar, øyreringar og halskjeder. Det skal vera til soning for oss hos Herren.»

51. Moses og presten Elasar tok imot gullet dei kom med, alle slag fint arbeidde ting.

52. Gullet som tusenmannsførarane og hundremannsførarane bar fram som offergåve til Herren, var i alt 16 750 sjekel.

53. Men det byttet som krigarane hadde vunne, tok dei sjølve.

54. Då Moses og presten Elasar hadde teke imot gullet av tusenmannsførarane og hundremannsførarane, bar dei det inn i teltheilagdomen. Det skulle vera ei påminning om israelittane for Herrens andlet.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31