Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:4-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

4. Tusen mann frå kvar stamme, frå alle stammane i Israel, skal de senda ut i striden.»

5. Så vart tusen mann frå kvar stamme valde ut frå Israels tusen, i alt tolv tusen mann væpna til strid.

6. Dei sende Moses ut i strid, tusen mann frå kvar stamme. Saman med dei i striden gjekk Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg tinga frå heilagdomen og signaltrompetane.

7. Dei gjekk til strid mot Midjan, slik Herren hadde pålagt Moses, og drap alle mennene der.

8. I tillegg til dei andre som fall, drap dei Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba. Det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira.

9. Israelittane førte bort kvinnene og småborna i Midjan som fangar. Alle husdyra, heile buskapen og all rikdomen deira tok dei som krigsbytte.

10. Dei sette eld på alle teltleirane og alle byane dei budde i.

11. Og dei tok med seg alt krigsbyttet og alt dei hadde teke, både av menneske og av dyr.

12. Fangane, krigsbyttet og det dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels forsamling, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

13. Moses, presten Elasar og alle leiarane i forsamlinga gjekk til møtes med dei utanfor leiren.

14. Moses var sint på befalingsmennene som kom heim att frå striden, både førarane for tusen og førarane for hundre mann.

15. Han sa til dei: «Har de late alle kvinnene leva?

16. Hugs at det var desse som på Bileams ord lokka israelittane til å vera trulause mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens forsamling.

17. Slå no i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn.

18. Men alle småjenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.

19. Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar.

20. Alle klesplagg, alle ting av skinn, alt som er laga av geiteragg, og alle ting av tre skal de reinsa.»

21. Presten Elasar sa til stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei forskrift i den lova som Herren påla Moses:

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31