Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:36-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 småfe,

37. av dei var 675 avgift til Herren,

38. 36 000 storfe, av dei var 72 avgift til Herren,

39. og 30 500 esel, av dei var 61 avgift til Herren.

40. Talet på menneske var 16 000, av dei var 32 avgift til Herren.

41. Avgifta som var ei gåve til Herren, gav Moses til presten Elasar, slik Herren hadde pålagt Moses.

42. Den halvparten som fall på israelittane, og som Moses hadde teke frå krigarane,

43. den halvparten som forsamlinga fekk, var 337 500 småfe,

44. 36 000 storfe,

45. 30 500 esel

46. og 16 000 menneske.

47. Av den halvparten som fall på israelittane, tok Moses éin av femti, både av folk og av husdyr. Han gav dei til levittane, som tok seg av tenesta i Herrens bustad, slik Herren hadde pålagt Moses.

48. Så gjekk befalingsmennene over hæravdelingane fram for Moses, både tusenmannsførarane og hundremannsførarane.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31