Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:30-39 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Av den halvparten som fell på israelittane, skal du ta éin av femti, både av menneske og av storfe, esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.»

31. Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde pålagt Moses.

32. Krigsbyttet, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 småfe,

33. 72 000 storfe

34. og 61 000 esel.

35. Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn.

36. Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 småfe,

37. av dei var 675 avgift til Herren,

38. 36 000 storfe, av dei var 72 avgift til Herren,

39. og 30 500 esel, av dei var 61 avgift til Herren.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31