Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:25-37 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Herren sa til Moses:

26. «Du og presten Elasar og dei som er leiarar for familiane i forsamlinga, skal telja opp krigsbyttet dei har teke, både av menneske og av dyr.

27. Så skal du dela det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av forsamlinga.

28. Av krigarane som gjekk ut i strid, skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av menneske og av storfe, esel og småfe.

29. Dette skal du ta av deira halvpart, og du skal gje det til presten Elasar. Det skal vera ei gåve til Herren.

30. Av den halvparten som fell på israelittane, skal du ta éin av femti, både av menneske og av storfe, esel og småfe, av heile buskapen, og gje til levittane, som tek seg av tenesta i Herrens bustad.»

31. Moses og presten Elasar gjorde som Herren hadde pålagt Moses.

32. Krigsbyttet, det som var att av det krigarane hadde røva, var i alt 675 000 småfe,

33. 72 000 storfe

34. og 61 000 esel.

35. Av menneske var det i alt 32 000 kvinner som ikkje hadde lege med menn.

36. Den halvparten som fall på krigarane, var 337 500 småfe,

37. av dei var 675 avgift til Herren,

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31