Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:16-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

16. Hugs at det var desse som på Bileams ord lokka israelittane til å vera trulause mot Herren den gongen ved Peor, så pesten kom over Herrens forsamling.

17. Slå no i hel alle guteborn og alle kvinner som har lege med menn.

18. Men alle småjenter som ikkje har lege med menn, skal de spara.

19. Så må de halda dykk utanfor leiren i sju dagar. Alle som har drepe nokon, og alle som har kome nær nokon av dei falne, skal reinsa seg den tredje og den sjuande dagen. Det gjeld både dykk og fangane dykkar.

20. Alle klesplagg, alle ting av skinn, alt som er laga av geiteragg, og alle ting av tre skal de reinsa.»

21. Presten Elasar sa til stridsmennene som hadde vore med på hærferda: «Dette er ei forskrift i den lova som Herren påla Moses:

22. Gull og sølv, kopar og jern, tinn og bly,

23. alt som toler eld, skal de la gå gjennom eld, så det blir reint. Og så skal det reinsast med reinsingsvatn. Men alt som ikkje toler eld, skal de la gå gjennom vatn.

24. Den sjuande dagen skal de vaska kleda dykkar, så de blir reine. Sidan kan de koma inn i leiren.»

25. Herren sa til Moses:

26. «Du og presten Elasar og dei som er leiarar for familiane i forsamlinga, skal telja opp krigsbyttet dei har teke, både av menneske og av dyr.

27. Så skal du dela det likt mellom stridsmennene som var med på hærferda, og resten av forsamlinga.

28. Av krigarane som gjekk ut i strid, skal du krevja ei avgift til Herren: éin av kvart femte hundre, både av menneske og av storfe, esel og småfe.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31