Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 31:1-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Herren sa til Moses:

2. «Fullfør hemnen frå israelittane over midjanittane! Sidan skal du sameinast med folket ditt.»

3. Då sa Moses til folket: «Nokre av dykk må væpna seg til strid. Dei skal gå mot midjanittane og fullføra Herrens hemn over dei.

4. Tusen mann frå kvar stamme, frå alle stammane i Israel, skal de senda ut i striden.»

5. Så vart tusen mann frå kvar stamme valde ut frå Israels tusen, i alt tolv tusen mann væpna til strid.

6. Dei sende Moses ut i strid, tusen mann frå kvar stamme. Saman med dei i striden gjekk Pinhas, son til presten Elasar. Han hadde med seg tinga frå heilagdomen og signaltrompetane.

7. Dei gjekk til strid mot Midjan, slik Herren hadde pålagt Moses, og drap alle mennene der.

8. I tillegg til dei andre som fall, drap dei Midjan-kongane Evi, Rekem, Sur, Hur og Reba. Det var dei fem kongane i Midjan. Bileam, son til Beor, fall òg for sverdet deira.

9. Israelittane førte bort kvinnene og småborna i Midjan som fangar. Alle husdyra, heile buskapen og all rikdomen deira tok dei som krigsbytte.

10. Dei sette eld på alle teltleirane og alle byane dei budde i.

11. Og dei tok med seg alt krigsbyttet og alt dei hadde teke, både av menneske og av dyr.

12. Fangane, krigsbyttet og det dei hadde teke, førte dei til Moses og presten Elasar og til heile Israels forsamling, som låg i leir på slettene i Moab, ved Jordan, midt for Jeriko.

13. Moses, presten Elasar og alle leiarane i forsamlinga gjekk til møtes med dei utanfor leiren.

14. Moses var sint på befalingsmennene som kom heim att frå striden, både førarane for tusen og førarane for hundre mann.

15. Han sa til dei: «Har de late alle kvinnene leva?

Les hele kapitlet 4. Mosebok 31