Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

4. Mosebok 30:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Dersom mannen hennar får høyra om det, men ikkje seier noko til henne same dagen som han høyrer om det, då skal lovnadene og dei pliktene ho har teke på seg, stå ved lag.

9. Men dersom mannen hennar same dagen som han får høyra om det, seier nei til henne, då gjer han den lovnaden ho har teke på seg, ugyldig, og like eins det tankelause ordet som ho har bunde seg med. Herren skal tilgje henne.

10. Når ei enkje eller ei fråskild kvinne gjev ein lovnad, skal alt ho har bunde seg til, stå ved lag.

11. Men dersom ho bur hos mannen sin og gjev ein lovnad eller bind seg til å halda seg frå noko,

12. og mannen hennar får høyra om det, men teier og ikkje seier nei til henne, då skal kvar lovnad og kvar plikt ho har teke på seg, stå ved lag.

13. Men dersom mannen hennar gjer dei ugyldige same dagen som han får høyra om dei, då skal ikkje noko som er kome over leppene hennar, stå ved lag, anten det er ein lovnad ho har gjeve, eller ei plikt ho har teke på seg. Mannen hennar har gjort det ugyldig, og Herren skal tilgje henne.

14. Kvar lovnad ho har gjeve, og kvar eid som bind henne til å halda seg frå eit eller anna fordi ho vil visa måtehald, kan mannen hennar stadfesta eller gjera ugyldig.

15. Dersom han teier og ikkje seier noko til henne frå den eine dagen til den andre, då stadfester han alt det ho har lova, eller alt det ho har bunde seg til. Han stadfester det når han ikkje seier noko same dagen som han får vita om det.

16. Men dersom han gjer det ugyldig ei tid etter at han høyrde om det, må han bera hennar skuld.

17. Dette er dei forskriftene Herren påla Moses om den retten som gjeld mellom mann og kvinne, og mellom far og dotter så lenge ho er ung og bur i huset til far sin.

Les hele kapitlet 4. Mosebok 30